Tre bilar involvert i trafikkulykke på Sandane

KOLLISJON: Bildet syner to av dei tre involverte bilane som kolliderte ved avkøyringa til Sandane laurdag.

KOLLISJON: Bildet syner to av dei tre involverte bilane som kolliderte ved avkøyringa til Sandane laurdag. Foto:

Tre personar er vurdert å vere lettare skadd. Ein av dei er sendt til sjukehus i ambulanse, melder politiet.

DEL

Tre personar er vurdert som lettare skadd, etter ei trafikkulykke der tre bilar er involverte på Sandane, melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt laurdag.

Alle naudetatane vart sendt, og brannvesenet var først på staden.

Vaktleiar Kollbjørn Øvrebotten ved Alarmsentralen i Florø fortel at ulykka har skjedd ved avkøyringa frå E39, ned til Sandane.

– To av bilane har skader som gjer at dei treng bilberging, den tredje kan muligens køyre for eiga maskin, seier vaktleiaren.

Frå rapportane han har fått, skal ein ha gjort det mogleg å passere på E39.

Dette blir stadfesta av politiet som vidare melder at det ikkje skal vere trafikale problem på staden. Det blir utført manuell dirigering av trafikken.

Ambulansepersonell har sett til dei involverte. Ein av dei tre blir sendt til Førde sentralsjukehus i ambulanse.

Skadeomfanget er ikkje kjent.

Vegen skal vere rydda på staden, og det er no ope for trafikk, melder politiet klokka 16.36. Det vil bli oppretta sak på forholdet.

Artikkeltags