Riksveg 15 opna igjen etter trafikkulykke

ULYKKE: Ein bil med to personar køyrde utfor ved Indre Totland, ikkje langt frå Bryggja i Nordfjord.

ULYKKE: Ein bil med to personar køyrde utfor ved Indre Totland, ikkje langt frå Bryggja i Nordfjord. Foto:

Alle naudetatar rykte ut til Indre Totland ved Bryggja.

DEL

– Det her vore ei utforkøyring. To personar er involverte i ulykka, melder Vest politidistrikt. Dei fekk melding om ulykka klokka 12.46

Politiet har fått melding om at begge dei to i bilen er bevisste.

Både luftambulanse, politi og brannvesen er på veg til staden.

Klokka 13.30 seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt at luftambulansen er i ferd med å lande på staden.

– Det var to vaksne personar i bilen. Dei har vore bevisste heile tida, seier Knappen.

Alle naudetatane er framme på staden.

– Ingen av dei to var fastklemde, men bilen låg på sida, og det var ein del arbeid før ein fekk dei ut av bilen. Både sjåfør og passasjer vert sett til av helsepersonell, seier Knappen.

Riksveg 15 vart opna for trafikk igjen klokka 14.35.

Artikkeltags