Bil med fire personar har køyrt av vegen på riksveg 15- naudetatane rykker ut

DEL

Politiet melder at naudetatane er på veg til ei trafikkulykke ved Stårheim i Nordfjord. Ein bil med fire personar har køyrt av vegen.

Etter det politiet kjenner til så langt er det store skadar på bilen.

– Ingen er fastklemde, og alle fire er ute av bilen. Minst to personar skal vere skadde, melder politiet.

Vegen er ikkje stengd, men det er redusert framkommelegheit.

Klokka 12.30 er ein ambulanse kommen fram til staden.

Dei opplyser til politiet at ingen ser ut til å vere alvorleg skadde. Alle dei fire som var i bilen er oppegåande og bevisste.

Trafikken går greitt forbi ulykkesstaden.

Artikkeltags