Politiet er på staden på E39 ved Langeland, etter eit trafikkuhell med påkøyrsle bakfrå.
Hendinga vart meldt klokka 15.57.
Operasjonsleiar ved Operasjonssentralen i Vest politidistrikt, Lars Geitle, fortel at det var ein politipatrulje som meldte om uhellet.
Uhellet skal ha skjedd i området Nyheim, nord for Skilbreidvatnet.
– Det er ein bil som har køyrt inn i ein annan bakfrå i ein sving. Det er ein del materielle skader på den eine bilen, seier Geitle.
Han fortel at politipatruljen bad om assistanse frå ambulanse for å sjekke dei involverte, som skal vere førarane av kvar av dei to bilane. Dei to skal no vere sett til av ambulansepersonell, og det er ingen personskader etter ulykka.
– Bilane er fjerna ut frå vegbana, og hindrar ikkje trafikken, men det trengs bilbergar for å fjerne den eine av dei, seier Geitle.