To bilar kolliderte på cruisekaia i Olden

Ein bil køyrde i ein annan i Olden onsdag.

DEL

To bilførar vert sjekka av helsevesenet etter ei trafikkulykke i Olden onsdag.

Ein bil køyrde i ein annan bakfrå på cruisekaia, og det var tre personar involvert.

– Det er ei dame i 80-åra frå Ålesund som har køyrt inn i bilen framfor seg. Ho var åleine i bilen, medan det var to personar i bilen som vart påkøyrd bakfrå, seier Per Algrøy som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Begge var medvitne då helsepersonell kom til staden. Hendinga skjedde klokka 15:03 onsdag ettermiddag

Artikkeltags