Bil kom over i motsatt køyrefelt og snurra på rv. 5 ved Kjørnes

Mannleg førar sendt til legevakt.

DEL

Ein personbil er involvert i ei trafikkulykke på fv. 5 ved Kjørnes like utanfor Sogndal, melder Operasjonssentralen i Vest politidistrikt klokka 17.42 søndag.

Det skal berre vere eitt køyretøy involvert, og alle som var i bilen har komme seg ut.

Naudetatane er på staden og det skal ikkje vere personskade.

Trafikken blir no manuelt dirigert ved ulykkesstaden, og bilbergar er bestilt.

Personbilen skal ha komme over i motgåande køyrefelt, der den har treft ein murkant og snurra rundt. Det er skader i fronten på bilen, og ein mann som var førar av bilen er køyrt til legevakt for sjekk. Vedkommande skal ha vore vaken og bevisst.

Politiet avhøyrer vitne på staden, og det er også venta at vegen snart vil bli opna.

Artikkeltags