Bil har køyrt i grøfta i Hyen. Føraren blir tatt hand om av venner

Bilen er ikkje til hinder for trafikken.

DEL

Naudetatane er fredag på veg til ei trafikkulykke på Åsen i Hyen.

Meldinga kom til politiet klokka 18.54, og ein bil skal ha hamna i grøfta på staden.

Det blir informert om at det ikkje har vore nokon andre enn førar i bilen.

– Føraren var bevisst. Vedkommande har blitt tatt hand om av venner og køyrt bort frå staden, seier Tatjana Knappen, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt kl. 19.50.

Politiet opplyser om at bilen som hamna i grøfta ikkje er til hinder for trafikken og det heller ikkje er noko lekkasje frå køyretøyet.

– Brannvesenet er komen til staden. Ambulansen køyrer til føraren for sjekk og politiet er på veg, seier Knappen.

Artikkeltags