Slurvar du med lys og refleks når du syklar? Det kan bli dyrt

SYKLING: Ifølge Tryg Forsikring slurvar mange med sikkerheitsutstyret når dei syklar.

SYKLING: Ifølge Tryg Forsikring slurvar mange med sikkerheitsutstyret når dei syklar. Foto:

TRAFIKK: Stadig fleire vel å sykle til og frå jobb, også på vinteren. Men talet på syklistar som blir skada i trafikken aukar, og mange slurvar med sikkerheitsutstyret.

DEL

– Eg ser dagleg syklistar utan lys og refleks på sykkelen vinterstid. Det er skremmande. Det er mørkt på morgonen og sjølv om det er påbode med lys og refleks syklar likevel altfor mange utan lys, refleks og hjelm. Dessverre går det av og til gale, seier Øyvind Setnes, førebyggingsekspert i Tryg Forsikring, i ei pressemelding.

Ifølge Setnes er syklistar veldig sårbare og har liten beskyttelse i trafikken.

– Skjer det ein samanstøyt er det syklisten det går ut over, sjølv om dei kan ha retten på si side. Vi i Tryg ser at talet på alvorleg skadde syklistar har auka dei siste åra. Det er gjerne brotskadar, hovudskadar og indre blødingar, seier han.

Ønsker påbode sykkellys frå butikken

Undersøkingar frå Transportøkonomisk institutt viser at bruk av sykkellys reduserer at ein blir innblanda i ulykker, men at berre halvparten av syklistane brukar lys og refleks. Det vert estimert at talet på hardt skadde og drepne vil gå ned dersom alle nye syklar blir selt med fastmontert lys.

– I dag seljast de fleste syklar faktisk utan fastmontert lys. Det er noko man må ordne sjølv. Frå vår side er det ønskeleg at syklane har fastmontert lys når de seljast. Det trur eg vil betre tryggleiken til syklistane. Kunnskapen om kva krav som stillast til sykkellys er generelt altfor dårleg, og ulykkestala ville truleg vore lågare med betre kunnskap, seier Setnes.

Blir ein stoppa av politiet utan godkjent fastmontert sykkellys, må ein ut med 900 kroner.

Dette er krava til lys og refleks på sykkelen:

  • Det er påbode med lys framme og bak. Begge skal vere synleg på 300 meter.

  • Lykt som gir blinkande lys skal blinke med minst 120 blink i minuttet.

  • Lyktene skal vere festa til sykkelen.

  • Det er ikkje lov å bruke lys som kan blende andre, for eksempel ei sterk hovudlykt.

  • Det skal vere raud refleks bak som er CE-merka (godkjent).

  • Begge sider av pedalane skal ha kvit eller gul refleks som er godkjent.

  • Har du klikk-pedalar skal sykkelen ha refleks på pedalarmane.

Artikkeltags