Rv. 15 over Strynefjellet stengt – røyk frå semitrailer i tunnel

Det melder Vegtrafikksentralen Vest onsdag kveld.

DEL

Rv. 15 Oppljostunnelen, mellom Stryn og Grotli, er stengt onsdag kveld.

Årsaka er meldingar om røyk frå ein semitrailer i tunnelen.

Politiet melder at det var tjukk, svart røyk frå køyretøyet. Det viste seg å vere olje i eksosen på ein lastebil.

Ingen personar er skadde og ingen er sakna. Politiet ser seg difor ferdige på staden, men brannvesenet blir på staden.

Klokka 21.18 blir det meldt at tunnelen no er opna att.

Artikkeltags