Stogga 41 tonn tung lastebil med grove sprekkar i bremseskivene. Inspektør: – Tenk om den skulle bremsa for ein barnehage

Desse sprekkene kan potensielt sett vere livsfarlege.

Desse sprekkene kan potensielt sett vere livsfarlege. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

TRAFIKK: Tre vart gitt bruksforbod, og ein fekk kjennemerka inndregne, då Statens vegvesen hadde tungbilkontroll i Førde.

DEL

– Slik køyretøy skal vi ikkje ha på vegane. Det er direkte farleg, seier inspektør i Statens vegvesen, Svein Ove Salt, til Firda.

Under dagens tungtransport-kontroll i Førde stogga Statens vegvesen 52 køyretøy. Av desse var 17 plukka ut for nærmare kontroll, tre fekk bruksforbod medan eitt fekk inndrege kjennemerka som følgje av den tekniske staden.

– Tenk om det hadde komme ein barnehage

Det mest graverande feilen fann vegvesenet på eit vogntog, som då det vart kontrollert vog 41 tonn. I rapporten frå kontrollen skriv vegvesenet at køyretøyet hadde store tekniske manglar, at bremseskivene framme hadde store sprekkar, og at køyretøyet må fraktast til verkstad med bergingsbil.

Slik såg det høgre framhjulet til vogntoget ut.

Slik såg det høgre framhjulet til vogntoget ut. Foto:

– Det som kan skje når ein køyrer med slike sprekkar i bremseskivene er at heile skiva vert kløyvd og ramlar av. Då køyrer ein rundt utan bremser, seier Salt, og held fram:

– Kva om det hadde skjedd når ein møter ein barnehage som skal krysse vegen og ein må bremse ned, for eksempel. I tillegg kan ein og oppleve at deler av skiva dett av, kiler seg, og blokkerer hjulet, seier Salt.

Fleire feil

Han fortel at sjåføren i den nemnde bilen var uvitande om tilstanden på bremsene.

I tillegg vart to bilar gitt bruksforbod grunna manglande lastesikring.

– Dette er høvesvis låge tal på våre kantar, men dei vi tek visar at det er naudsynt. Dette er farlege køyretøy for alle som ferdast på vegane, seier Salt.

Eitt køyretøy blir og rapportert til polske myndigheiter då sjåføren ikkje hadde fylt ut køyreboka etter forskriftene, to køyretøy fekk skriftlege manglar, medan ein førar fekk gebyr for å mangle dokumentasjon.

Artikkeltags