Trafikkulykke i Hafslo

DEL

Politiet melder at det har vore ei trafikkulykke på FV 55 like forbi Lustraporten i retning Sogndal. To bilar er involverte i ulykka, og det er meldt om store materielle skader.

Naudetatane er klokka 15.25 på veg til staden. Etter det politiet har fått opplysningar om skal dei som har vore i bilane vere bevisste, og ikkje alvorleg skadde.

Politiet melder også at det er lange køar i området som følge av ulykka.

Statens vegvesen melder at vegen er stengt.

Klokka 16.20 melder Statens vegvesen at det er maunell dirigering på staden.

Artikkeltags