Trafikkulykke i tunnel på E16

DEL

Politiet melde klokka 16.10 om at det hadde vore ei trafikkulykke inne i Lærdalstunnelen på E16, det viste seg å vere feil tunnelen.

Alle naudetatane var på veg til staden, og tunnelen var stengt.

20 minutt seinare kjem ei ny melding – ulykka har vore i Onsdtadtunnelen mellom Flåm og Aurland. Onstadtunnelen ligg også på E16.

Politiet skriv at naudetatane er framme på staden, og at det ikkje er meldt om alvorlege skadar.

Vegen er stengt, og de er lange køar i området.

Klokka 17.20 melder politiet at tunnelen er opna for fri ferdsel, og at begge bilane er fjerna frå tunnelen.

Dei som har vore involverte i ulykka har fått tilsyn av helse på staden, og er erklært uskadde.

Det er framleis køar i området.

Artikkeltags