Fem personar involvert i trafikkulykke

Ein personbil har køyrt i ein annan personbil bakfrå på fv. 55 i Hafslo. Familie på fire sendt til sjukehus.

DEL

Vest politidistrikt melder klokka 12.18 om ei trafikkulykke i Hafslo i Sogn.

To køyretøy skal vere involvert i ulykka, og naudetatane er sendt til staden.

Vegtrafikksentralen Vest skriv på Twitter at ulykka skal ha skjedd ved YX-stasjonen i Hafslo, på fv. 55.

Denne vegen er no stengt grunna trafikkulykka.

Operasjonsleiar Dag Olav Sætre ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt fortel at naudetatane og politiets patrulje er på plass på staden. Han har fått rapportar om at trass i meldingane om at vegen er stengt på staden, så skal trafikken flyte greitt forbi.

– Men det vil nok bli tidvis stenging når bergingsbil kjem på staden, seier operasjonsleiaren.

Det var fem personar involvert i ulykka totalt i dei to personbilane.

– Det skal ha vore ei påkøyrsle bakfrå. Alle dei involverte er ute av bilane. Ingen har vore fastklemde, og alle er bevisste, seier Sætre.

Ei seinare oppdatering frå politiet informerer om at det var ein familie på fire som var i den påkøyrde bilen. Dei er køyrt til Førde sentralsjukehus for ein nærare sjekk.

Klokka 13.09 skal vegen vere open, men med redusert framkomst.

Artikkeltags