Køyrer du på E39 på Langeland, må du passe deg for desse

PASS DEG FOR DESSE: 10-12 sauer går ved vegen på E39 på Langeland.

PASS DEG FOR DESSE: 10-12 sauer går ved vegen på E39 på Langeland. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

TRAFIKK: 10–12 sauer går lause ved vegen på Langeland tysdag morgon.

DEL

Jan Erikstad, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen fortel at dei ikkje har fått inn meldingar frå folk om sauene.

– Men dette er eit problem mange plassar. Vi får mange meldingar, spesielt frå folk som ikkje er frå distriktet.

Han fortel at Langeland er ein av plassane som er utsett. Sogndalsdalen, Hemsedalsfjellet og Fjærland er også plassar dei får inn meldingar frå.

– Må kunne stoppe på kort tid

Erikstad oppmodar folk om å ta høgde for at det kan vere buskap som går i vegen.

– Dette krev at ein må kunne stoppe på kort tid, så folk bør ta høgde for det når det gjeld fart. Sauene går og ligg i vegen. Tunnelopningar er veldig utsette, og det kan også vere sau inne i tunnelane, seier han.

– Om folk køyrer på sauene må dei ta kontakt med politiet slik at ein får forsikra seg om at dyra er avliva, og at ein får kontakt med eigarane, seier han.

Artikkeltags