Melder sju vogntogførarar til politiet

Artikkelen er over 2 år gammel

TRAFIKK: Statens vegvesen hadde onsdag ettermiddag køyretykontroll fleire stadar i Sogn og Fjordane.

DEL

I alt åtte bilførarar; sju førarar av tunge køyrety og ein personbilførar, vart melde til politiet etter dagens storkontroll.

– I dag vart det nok fleire enn vanleg melde til politiet, seier Frode Hålien som er inspektør i Statens vegvesen.

I ein samordna aksjon – i hovudsak retta mot tunge køyrety – hadde Statens vegvesens trafikkstasjonar på Nordfjordeid, og i Sogndal og Førde 11 personar i sving på E39 ved Bruland i Førde og ved Langelandsvatnet i Gaular, pluss på riksveg 5 ved Grov i Flora.

Kontrollane gjekk føre seg onsdag i tida frå klokka 10:00 om føremiddagen, til klokka 17:00 i ettermiddag.

Grovt brot

Tre vogntogførarar vert melde til politiet grunna brot på lova om køyre- og kviletid.

Ein av dei melde, ein førar av eit utanlandsk vogntog, hadde brote lova på fleire punkt.

Han hadde køyrt 25 timar mellom to godkjende døgnkviler, medan maksimum er 10 timar.

Han hadde òg hatt berre 4 timar døgnkvile på 24 timar, medan regelverket krev døgnkvile på minimum 9 timar.

Mannen hadde òg køyrt 7 timar og 7 minutt utan godkjend pause, medan regelverket seier at 4,5 timar er maksimum.

I tillegg vart det avdekka at det utanlandske køyretyet hadde vore køyrt utan godkjent sjåførkort i fartsskrivaren.

To vogntogførarar vart melde til politiet fordi dei mangla kompetanse som yrkessjåførar, medan ein utanlandsk vogntogførar busett i Norge vart meldt til politiet fordi han hadde fornya førarretten i Polen.

Ein førar av personbil med hengar vart meldt til politiet fordi han ikkje hadde fornya førarretten sin innan fristen.

Og til sist vart ein vogntogførar meldt til politiet grunna andre tilhøve.

Dynamittlast mangla sikring

– To tunge køyrety fekk bruksforbod grunna overlast, og tre fekk bruksforbod grunna manglande sikring av last. Eit av dei transporterte dynamitt. Det er ikkje heilt bra! slår Hålien fast.

Hålien er òg overraska over kor mange – særleg personbilførarar – som køyrer rundt med feil eller manglande lys på bilane sine.

– Hausten er over oss for fullt, og dagane vert kortare og kortare. Det er svært viktig at lysa på køyretyet er i orden når vi no går inn i mørkare tider, avsluttar Hålien.

Artikkeltags