Har fått fleire meldingar om glatte vegar

GLATT: Fleire har gitt beskjed om at det er glatt i Åbergsdalen på E39 mellom Sande og Vadheim.

GLATT: Fleire har gitt beskjed om at det er glatt i Åbergsdalen på E39 mellom Sande og Vadheim. Foto:

Vegtrafikksentralen: – Køyr roleg, det kan vere glatt

DEL

Vegtrafikksentralen har fått fleire meldingar om glatte vegar i fylket måndag morgon.

I Åbergsdalen på E39 mellom Sande og Vadheim har det kome slike meldingar, samt frå fv. 57 i Hyllestad.

– Vi har også fått mange andre meldingar frå andre stader på Vestlandet, så oppmodinga må vere å køyre roleg, då det kan vere enkelte glatte parti her og der, seier Stian Rosnes i Vegtrafikksentralen.

Artikkeltags