Tre bilar involvert i trafikkuhell i Kjøshammartunnelen

Vegen er opna for trafikk igjen.

DEL

Tre bilar var involverte i eit trafikkuhell i Kjøshammartunnelen på E39 i Hornindal, melde Vegtrafikksentralen Vest på Twitter fredag klokka 7.16.

Eit felt var stengd, og det var manuell dirigering på staden.

Årsaka til ulykka, er at ein lastebil skal ha stansa, og deretter skal det ha blitt ein kjedekollisjon med tre bilar.

Ein person er lettare skadd og blir undersøkt av helse på staden. Ein annan person har blitt køyrt til Førde sentralsjukehus for nærare sjekk.

Trafikkoperatør i Statens vegvesen, Kristian Fauskan, opplyser om at det var til saman fem personar i bilane.

Artikkeltags