Fjellovergangar stengde på grunn av kulde

SOMMAR? Slik såg det ut ved Sognefjellshytta tysdag ettermiddag...

SOMMAR? Slik såg det ut ved Sognefjellshytta tysdag ettermiddag... Foto:

Både Sognefjellet og Gamle Strynefjellsvegen blir stengde natt til onsdag.

DEL

Fylkesveg 55 Sognefjellet vil bli nattestengt frå klokka 20:00 til 08:00, både tysdag og onsdag. Fjellet kan også bli stengt på kort varsel på dagtid.

Det melde Vegtrafikksentralen vest tysdag føremiddag.

– Det er på grunn på vêret, opplyse trafikkoperatør Morten Hansen og la til at dei ikkje har same beredskapen no som dei har på vinteren.

– Det er jo 1300 meter over havet, så blir det snø på dagtid, så stenger vi vegen. Vi har ikkje brøyteberedskap på fjellet, og folk køyrer jo med sommardekk. Men på natta no stenger vi uansett.

Tysdag ettermiddag kom det melding om at også fylkesveg 258 Gamle Strynefjellsvegen blir stengd i natt. På grunn av vanskelege køyreforhold blir vegen stengd frå 17.30 til klokka 09.30 onsdag morgon.

– Vi vil ikkje at turistar med bubil skal bli ståande fast der oppe seint om kvelden, seier trafikkoperatør Morten Hansen i Vegtrafikksentralen til Bergens Tidende.

Hansen ber folk vurdere å la bilen stå og legg til at vegane ikkje blir salta i juli.

Sjølv om kalenderen seier at vi er i sommarmånaden juli, sende Meteorologisk institutt ut farevarsel på gult nivå på måndag, fordi det kunne komme mykje snø i Nordfjord og Møre og Romsdal. Dette varselet gjeld fram til torsdag morgon, melder NTB.

Det er venta sluddbyer og snøbyer over 800 meter, og det er moglegheiter for at snøen kan legge seg på bakken.

Meteorolog Espen Biseth Granan seier klokka 19.00 tysdag at snøgrensa på Vestlandet ligg mellom 700 og 1000 meter over havet tysdag kveld.

Tre turgåarar måtte tysdag kveld ha hjelp etter å ha blitt overraska av snøvêr ved Bjørnabreen i Balestrand.

– Heile Vestlandet er påverka av vind frå vest og nordvest og ein ganske kjølig vêrtype og det er varsla regnbyer på det meste av Vestlandet med snø over 700 – 1000 meter. Det er nok dette vêret dei har blitt overraska av, seier Granan.

Han strekar under at det også lengre nede kan vere skikkeleg surt vêr i området:

– Sjølv om det ikkje snør kan det bli ganske kaldt, med sludd og vind og slikt. Då blir ein fort våt og kald.

Minusgrader på Sognefjellet

På Sognefjellet opplyser Granan at det har vore minusgrader store delar av tysdagen og at temperaturen klokka 18.00 var minus 0,3 grader der.

– Det har nok komme ei og anna snøbye der, men om det er nok til at det blir liggande er usikkert. Men det er klart at det fort kan bli glatt på sommardekk.

Dårlege utsikter

Etter ein rask kik på prognosane framover har Granan lite oppløftande å tilby folk i Sunnfjord og Sogn og Fjordane når det gjeld sommarvêr.

– Det er ingenting som tyder på nokon veldig sommarvarme framover i den komande veka. Men det ser ut som temperaturen med utgangspunkt i Førde stig litt fram mot helga og inn i neste veke.

– Kva temperaturar snakkar vi då?

– Litt over 10 grader. Det kan krype opp mot 15 grader på onsdagen, men det er ganske usikkert. I tillegg er det heile tida moglegheiter for nedbør. Så noko veldig tørt og varmt sommarvêr blir det ikkje akkurat, slår Granan fast.

Artikkeltags