Plutseleg vart vegen opna igjen

E39: Ein stein har treft vegen, laga hol i asfalten og deretter trilla ned til ein skogsveg lenger nede.

E39: Ein stein har treft vegen, laga hol i asfalten og deretter trilla ned til ein skogsveg lenger nede. Foto:

Eit steinras stenger E-39. Raset har gått i nærleiken av Breimsfjelltunnelane. Klokka 20.45 melde statens vegvesen at vegen ikkje vart opna igjen i dag. Så kom det ny melding eit kvarter seinare om at vegen er opna igjen.

DEL

– Vi vart like overraska som du, seier Kjetil Løvås ved Vegtrafikksentralen då Firda lurer på kva som førte til at vegen plutseleg vart opna igjen.

Han seier dei plutseleg fekk beskjed om at entreprenør på staden hadde opna vegen igjen.

– Det er jo flott for dei som skal forbi. Det er lange omkøyringsvegar, seier Løvås.

Stengt i to timar

– Det var brannvesenet som rapporterte til oss at det har gått eit ras på austsida av den første tunnelen når ein kjem frå Aust. Det førte til at vi stengde den andre tunnelen, Breimsfjell 2- tunnelen frå vestsida, seier Kjetil Løvås ved Vegtrafikksentralen.

Meldinga om at vegen er stengt kom like før klokka 19.

Brannvesenet er på staden, og melder at ei større steinblokk er komme ned i vegbana. Det er ingenting som tyder på at nokon har komme til skade i samband med raset.

Klokka 20.37 melder Statens vegvesen at vegen ikkje vert opna måndag. Det skal gjerast ny vurdering tysdag klokka 12.00.

Dersom ein skal nordover via E-39 kan ein køyre av og ta fylkesveg 60 over Utvikfjellet og til Hornindal.

Skal ein til dømes mellom Skei og Sandane er den einaste omkøyringa å køyre til Førde, ta riksveg 5 eit stykke og deretter køyre fylkesveg 615 via Hyen. Eller, og det går truleg fortare, køyre om Stryn.


Artikkeltags