Rusa mann køyrde med punkterte dekk

Han hadde heller ikkje førarkort.

DEL

Klokka 0255 natt til laurdag stoppa politiet ein mann i 30-åra som køyrde rundt i Sjøgata i Nordfjord. Det er publikum som har tipsa politiet om sjåføren, då det var mistanke om køyring i påverka tilstand.

Til politiet forklarte mannen at han hadde køyrt i ein grøft. Begge dekka framme var punktert og bilen hadde heller ingen kjennemerke. Bilførar skal ikkje vere skadd, men han blåste vel over grensa på alkometeret, informerer Per Algrøy, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

– Han vart frakta til lokalt sjukehus for blodprøve taking, seier han.

Vedkommande hadde heller ikkje førarkort, og politiet opprettar sak på hendinga.

Artikkeltags