Riksveg 13 over Vikafjellet stengt etter trafikkuhell

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFERDSLE: Då brøytebilen skulle hjelpe ein bilist i trøbbel, gjekk det gale for dei begge.

DEL

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt etter eit trafikkuhell. Det melder vegtrafikksentralen klokka 06.55 tysdag morgon.

Ein brøytebil og ein personbil har hamna utfor vegen.

– Vi har fått melding frå forbipaserande om at brøytebilen skulle hjelpe ein bilist som stod fast, men denne informasjonen har vi ikkje fått frå offisielt hald, seier Monica Øksengård i vegtrafikksentralen.

Men enden på visa blei at begge to skal ha hamna i grøfta. Bergingsbil er på veg til staden og det same er entreprenør.

– Vegen over Vikafjellet er stengt enn så lenge og når bommen skal opnast, må det gjerast manuelt, så det vil også ta litt tid.

Det er likevel mogleg å passere bommen,  noko ein bilist med firehjulstrekk har gjort, opplyser Øksengård.

Politiet er også varsla om hendinga:

– Det er ingen personskadar, men små materielle skader, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Vegtrafikksentralen stenger vegen til dei er ferdig med berginga.

– Det er ei komplisert berging, og det vil ta nokre timar, seier Algrøy.

Klokka 08.41 vart det meldt at vegen ville bil opna etter om lag ein time.

Artikkeltags