Politiet i natt: Røykutvikling i bustad og manglande førarkort

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: I Sogndal rykte alle naudetatar ut til ein privat bustad etter kraftig røykutvikling.

DEL

Klokka 04.17 rykte alle naudetatar ut til ein bustad i Sogndal. Røykutviklinga synte seg å komme av tørrkoking. Ei kvinne vart sett til av helsepersonell på staden, ho var uskadd.

Litt tidlegare på natta vart ein 20 år gammal bilførar meldt og fekk førarkortet kverrsett etter at han hadde drive med sladding i Sogndal sentrum.

Manglande førarkort

På Langhaugane mellom Eikås og Vassenden stansa ein patrulje i går kveld eit køyretøy. Den 27 år gamle sjåføren hadde ikkje førarkort, politiet tok med seg nøklane og oppretta sak mot mannen.

I Stigedalen blei det i går kveld meldt om eit mindre trafikkuhell i retning Eid. Bilen har sklidd ut av vegen og vore litt bort i eit autovern, men køyrt vidare. Føraren, ei kvinne på 19 år, var åleine i bilen. Ein UP-patrulje i nærleiken køyrde bort og snakka med kvinna. Bilen hadde mindre materielle skadar, kvinna var uskadd.

Artikkeltags