Mista lappen i 40-sone i Førde

DEL

Ein patrulje frå politiet i Førde gjennomførte torsdag ein fartskontroll i 40-sona på Vievegen i Førde.

Der var det ein førar som køyrde såpass mykje for fort at førarkortet blei beslaglagt. Bilen var målt til 69 kilometer i timen i 40-sona.

I tillegg fekk ein annan førar bot for å ha køyrt i 56 kilometer i timen.

Artikkeltags