Vogntog står fast i fleire timar på fylkesveg 614 – nekta å ta imot hjelp

Står fast: Dette polske vogntoget har stått her sidan klokka 15. Vogntoget spinn og spinn, men føraren vil ikkje ha hjelp av bilbergar.

Står fast: Dette polske vogntoget har stått her sidan klokka 15. Vogntoget spinn og spinn, men føraren vil ikkje ha hjelp av bilbergar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BREMANGER: Vogntoget står i bakken og spinn. Det har det gjort sidan klokka 15. No rykker politiet ut.

DEL

SISTE: Rundt klokka halv ni om kvelden melder politiet at bilbergar er på plass, og at han dreg vogntoget som i fleire timar har stått og spunne i ein liten bakke mellom Svelgen og Isane, mot Svelgen. Det er ikkje klart om dette er frivillig frå sjåføren si side, men uansett er vogntoget fjerna, og trafikken kan gå som normalt igjen.

Berre ein kjetting

Vest politidistrikt fekk klokka 17.33 melding om at eit utanlandsk vogntog stod fast på fylkesveg 614 mellom Svelgen og Isane. Då hadde det stått der lenge.

Sjåføren ønskte ikkje å få hjelp frå bilbergar. Dermed stod vogntoget der og spann.

Vogntoget hadde ikkje last med seg.

Det oppstod trafikale problem på staden, og klokka 18.12 hadde politiet fått nok. Då melde dei at dei rykker ut til staden.

Ein tipsar seier til Firda at dette er ein polsk semi, med toaksla bil og treaksla tralle.

Vil sette makt bak kravet

Operasjonssentralen opplyser til Firdaposten at brøytebilen kjem forbi eine vegen, men ikkje tilbake.

– Sjåføren nektar å ta i mot hjelp. Han har berre ein kjetting og står og spinn og kjem verken fram eller tilbake. Difor køyrer vi opp, for å sjå kva vi kan hjelpe til med, seier operasjonsleiar.

– Kva moglegheiter har de når sjåførane nektar å ta i mot hjelp – noko som vel skjer på grunn av frykt for rekninga?

 – Då må vi ra avgjerda. Står han til hinder for trafikken, så må bilen vekk, på eigars rekning. Då blir det litt meir makt bak kravet når politiet kjem på staden, seier operasjonsleiar hos Politiet Vest.

Artikkeltags