Trafikkulykke på Hyllestadvegen

DEL

Politiet melder at det har vore ei trafikkulykke på Hyllestadvegen, fylkesveg 607, i Hyllestad.

Ein bil er involvert, og føraren var åleine i bilen.

Bilføraren er bevisst, og ser uskadd ut, men har smerter, melder politiet.

Det er meldt om at det er glatt i vegbana der ulykka skjedde.

Politiet er klokka 14.35 på veg mot ulykkesstaden.

Artikkeltags