Trafikkuhell på Sognefjellet: – Trafikken er delvis sperra

Det er trafikale problem på staden, melder politiet.

DEL

– Ein bil køyrde ut vegen då den mista bremsekrafta og hamna på sida. I samband med dette mista bilen noko taklast, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Tatjana Knappen.

Politiet fekk melding om trafikkuhellet på Sognefjellet kl. 12.23.

– Det kom røyk frå bilen, men det kan komme av varmgang i bremsene.

Knappen seier det skal vere to personar i bilen og dei hevdar seg begge uskadd. Det er ein finsk bil.

Trafikken var ei stund delvis sperra på grunn av uhellet. Statens vegvesen melde at fylkesveg 55 mellom Turtagrø og Turtagrø bom på Sognefjellet var stengd i eitt felt.

Då Firda snakka med vaktoperatør Kristian Fauskan klokka 16.40 tysdag ettermiddag, var det fri ferdsel på staden.

Artikkeltags