Tatt for promillemistanke på E39

DEL

Ein mann i 30-åra vart stoppa på E39 ved Skilbrei i Gaular i ettermiddag, mistenkt for promillekøyring.

– Politipatruljen hadde sett opp ein kontroll der, og der vart mannen stoppa, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Politiets operasjonssentral til Firda.

Mannen blir teken med til blodprøve.

Artikkeltags