Politiet jakta rusa sjåfør på E39. Alkometeret lyste raudt då dei fann han, og førarkort hadde han heller ikkje

DEL

Vest politidistrikt melde klokka 19.51 at politiet er på veg til Våtedalen på E39, etter å ha fått melding om at det skal vere ein bilførar i området som køyrer i rusa tilstand.

Det skal vere ein forbipassarande som har fått auga på bilen, og meldt i frå til politiet. Det skal og ha skjedd ei nesten-ulykke før bilen vart stoppa, melder Operasjonssentralen i Vest Politidistrikt til Firda. Mannen skal vere i slutten av 40-åra.

Ein halvtime seinare melder politiet at dei har kontroll på føraren. Han måtte blåse i alkometeret til politiet, og det gav positivt utslag.

Politiet melder vidare at bilføraren vil bli framstilt for å ta blodprøve. Han vert politimeld for køyring i rusa tilstand, og for køyring utan førarkort.

Artikkeltags