No skal alle som blir drepne i trafikken obduserast

Av

Eit samrøystes storting har vedtatt ei lovendring som gjer at alle drepne i vegtrafikken skal obduserast. Målet er å få vite meir om kvifor trafikkulykker skjer.

DEL

– Dette er ein stor siger for norsk trafikktryggleik. At alle som omkjem i ei trafikkulykke, no skal obduserast, er viktig for nullvisjonen – ingen drepne eller hardt skadde i vegtrafikken, seier generalsekretær Elisabeth Fjellvang Kristoffersen i MA – Rusfri Trafikk i ei pressemelding.

Eit samrøystes storting røysta måndag for endringa i obduksjonslova som inneber at det skal gjennomførast rettsmedisinsk obduksjon av alle drepne i vegtrafikken.

– Rettsmedisinsk obduksjon kan bidra til å gi meir informasjon om hendingsgang og årsaker ved trafikkulykker, og derfor gi viktig informasjon som kan brukast i arbeidet med trafikktryggleik, heiter det i stortingsvedtaket.

I dag blir det berre bede om obduksjon dersom påtalemakta finn det nødvendig av omsyn til etterforskinga. Dermed er det i dag berre rundt 56 prosent av dei trafikkdrepne som blir obduserte, ifølgje stortingsinnstillinga.

Det vil bli oppgåva til politiet å sørgje for obduksjon av alle som omkjem i vegtrafikken.

– Ved obduksjonsbordet finn rettsmedisinarane vesentleg informasjon som har mykje å seie for å forstå kva som har skjedd i ulykka. Eg vil òg rose politikarane for innsatsen deira. Dei tar ansvar og arbeider for nullvisjonen, seier Kristoffersen.

Artikkeltags