Trafikkuhell i Nordfjord – bilane er ikkje køyrbare

Ingen skal vere skadd, melder politiet.

DEL

Eit trafikkuhell på Rv. 15 ved Indre Totland vart meldt av Operasjonssentralen i Vest politidistrikt klokka 18.33.

Ingen skal vere skadd i ulykka, men det blir meldt om materielle skader og at bilane ikkje er køyrbare.

Politiet er sendt til staden og det er også bestilt bilbergar.

– Det er to bilar involvert, og det er snakk om eit mogleg vikepliktsbrot frå den eine føraren, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen.

Han fortel at det totalt var to bilar involvert, og at det var to personar i den eine bilen og ein person i den andre.

– Både politi og ambulanse er på staden. Dei har sett til dei involverte, og alle er rapportert uskadde, seier Dahl-Michelsen.

Bilbergar er også på staden og har flytta bilane frå ulykkesstaden.

Operasjonsleiaren fortel at vegen difor er open.

– Patruljen driv no med avhøyr på staden, seier han til Firda klokka 18.55

Artikkeltags