Bil mot lastebil i Nordfjord

Artikkelen er over 1 år gammel

SELJE: Det har vore ein kollisjon mellom ein lastebil og ein personbil.

DEL

– Meldinga vi har fått er at ingen er skadde i ulykka, seier operasjonsleiar Lars Geitle ved Vest politidistrikt.

Ulykka har skjedd ved Kvernevika på fylkesveg 618 i Selje.

– Vi har ein patrulje på veg til staden, seier Geitle like over klokka 12.30.

Litt seinare melder politiet på Twitter at det er snakk om eit mindre uhell. Politiet kjem ikkje til å opprette sak, og partane kjem til å fylle ut skademelding på vanleg måte.

Artikkeltags