Bil av vegen på E39 i Nordfjord

Artikkelen er over 2 år gammel

To personar sendt til legevakt etter trafikkulykke.

DEL

Klokka 17.15 melder politiet om ei trafikkulykke ved Holmøyane i Nordfjord.

– Vi fekk melding om ulykka klokka 17.03, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund ved Politi vest.

– Det var to personar i bilen. Ulykka skjedde like ved dei krappe svingane på E39 ved Holmøyane langs Hornindalsvatnet.

– Ambulansen er framme på staden, og dei melder at dei to i bilen er lettare skadde. Dei klagar over smerter i bryst og nakke, seier Hellesund.

To personar blir sendt til legevakt for sjekk etter ulykka.

Det er glatt føre der ulykka skjedde, opplyser politiet.

Les også:  To bilar i grøfta på rv5

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags