Pass godt på når desse dukkar opp i blindsona

Gå gjerne saman med MC-venner og frisk opp køyreferdigheitene etter vinterdvalen.

Gå gjerne saman med MC-venner og frisk opp køyreferdigheitene etter vinterdvalen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: 19 motorsyklistar mista livet på norske vegar i fjor, melder Trygg Trafikk. Overgangen frå vinter til vår betyr usikkert veggrep for MC-førarar.

DEL

Det er meldt 1.638 personskadar på førarar av lett og tung motorsykkel og moped dei siste fem årene. 21 prosent av dei har skjedd i april og mai, skriv Avisenes Nyheitsbyrå.

Pass på blindsona

– Ei aukande mengd motorsyklistar på vegane er eit sikkert vårteikn. Men det gjer også at både MC-entusiastar og bilførarar må vere ekstra merksam på kvarandre, seier Roger Ytre-Hauge, som er fagsjef på motor i Frende Forsikring.

– Spesielt bør du passe godt på blindsona før du skifter felt i rushtida. Hugs at motorsyklistar gjerne legg seg mellom rekkene og køyrer litt raskare enn bilar i saktegåande kø, seier Ytre-Hauge.

Dei som no børstar støv av motorsykkelen må først og fremst vere klar over at det er nokon månadar sidan sist dei sat på sykkelen. MC-køyring er såpass krevjande at ferdigheitene må haldast ved like.

– Med lengre avbrekk treng du ei tilvenningsfase for å komme deg opp igjen på fjorårets nivå. Det er spesielt viktig for deg som ikkje køyrer så mykje MC til vanleg, seier seniorrådgjevar Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk.

– Gå gjerne saman med MC-venner og frisk opp køyreferdigheitene. Det er både sosialt og ei trygg måte å luke ut rustenheten på, seier Roger Ytre-Hauge.

Viktig med merksemd

Det er viktig at sykkelen er i skikkeleg stand etter vinterdvalen, at førarane ikkje blir for ivrige i starten og at det brukast riktig beskyttelsesutstyr.

– Det er også viktig at både MC- og bilførarar er merksam, tar omsyn og tolmodige med kvarandre, seier Roger Ytre-Hauge.

– Kva for ein beskyttelse må du ha som MC-fører?

– Ein god hjelm, ryggskinne, køyredress, støvlar og hanskar er det viktigaste. Gå over utstyret når du tar det fram igjen etter vinteren. Det er viktig å sjekke at utstyret ikkje har nokon skader i saumane eller har fått andre skader sida sist, påpeiker Ytre-Hauge.

Uføreseieleg veggrep

Forholda kan vere skumle for motorsyklistane de første vårvekene.

– Som vanleg ligg det igjen grus og restar etter vinterfesten på vegane, og det gjer at veggrepet er meir uføreseieleg enn på sommaren. Svart asfalt kan vere glatt, særleg i kombinasjon med salting og frost i løpet av natta. Vær derfor spesielt oppmerksam i skuggeparti, er oppmodinga frå Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk.

SKIKK OG BRUK I TRAFIKKEN

Skikk og bruk for motorsyklistar

Gjer deg godt synleg for bilistar.

Bruk blinklys i god tid.

Ikkje ta unødige sjansar – det er ikkje verdt det.

Vær tolmodig med andre trafikantar som ikkje har vore vant til å ha deg i vegbana på ei stund.

Skikk og bruk for bilførarar

Sjekk blindsona.

Bruk spegla aktivt.

Bruk blinklys i god tid.

Vær tolmodig med tohjulingane, husk at føraren kan vere rusten etter vinterdvalen.

Hugs at ein motorsyklist er langt mindre beskytta enn deg i trafikkbildet.

Artikkeltags