Ferjesamband går som vanleg att

Ferjesambandet Måløy-Oldeide er no i vanleg rute att etter å ha vore innstilt på grunn av sterk vind.

DEL

Sterk vind gjorde til at ferjesambandet Måløy- Oldeide klokka 05.45 tysdag morgon blei innstilt. 

No er sambandet opna att, melder Fjord 1. 

Stengde Måløybrua

På Måløybrua har naturkreftene herja såpass i natt at brua måtte stenge i nær ein halvtime frå 02.00 til nær 02.30.

Her blei vinden målt til 33 meter i sekundet på det meste, noko som svarar til sterk storm til orkan.

I resten av fylket er det også venta ein del vêr i dag, og fleire stadar er det auka jordskredfare.

– Det kan kome ting i vegbana, så difor bør sjåførane ta det litt ekstra roleg, seier Eirik Rystad Skånøy vegtrafikksentralen

Hurtigruta står

Også hurtigruta blir påverka av vêret. Den nordgåande ruta MS Richard With ligg til kai i Måløy fordi den ikkje tek sjansen på å krysse Stadhavet. Truleg blir klokka nærare 13.00 før dei kan reise vidare, skriv Fjordenes tidene.

Artikkeltags