Bilførar måtte svinge vekk for hjort – køyrde i autovernet

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Trafikkuhellet skjedde i Avebukta på E39 mellom Vadheim og Lavik onsdag.

DEL

Politiet fekk melding om ulykka klokka 07.00.

– Det er ein bil med ein førar som har køyrt i autovernet. Airbagen er utløyst og han har fått den i ansiktet, men han hevdar seg uskada. Ambulansen er på staden, seier Per Algrøy, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Føraren er ein mann i 30-åra. Politiet er på staden og opplyser at eit felt i vegen er open for trafikk.

– Bilføraren er teken med i ambulansen. Mannen opplyser at det kom ein hjort ut i vegen og han måtte svinge, då trefte han autovernet. Det er ikkje mistanke om ruspåverknad, informerer Algerøy kl. 08.08.

Bilen vart henta av bilbergar.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags