Trafikkulykke i Lærdal

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein bil har onsdag kveld køyrd av vegen på fylkesveg 243 Aurlandsvegen i Lærdal. Ulykka blei meld klokka 1835 og naudetatane rykte då ut.

Bilen skal ha køyrd av vegen på veg opp frå Lærdal. Skadeomfanget er ukjent. Det melde Vest politidistrikt klokka 19.16.

– Bilen heng delvis i eit tre og har tatt med seg noko autovern. Ingen personar er på staden, opplyser politiet like etter klokka halv åtte.

Ulykka har skjedd mellom Grindheim og Hestevollen, og politiet er onsdag kveld på staden og undersøker.



Saka blir oppdatert.

Artikkeltags