Skulle svinge unna hjort, køyrde i tre

Ein mann skulle svinge unna ein hjort i vegbana ved Kaupanger i natt, men ferda enda i eit tre for køyretøyet. Hendinga skjedde like før klokka 01.00. – Bilen fekk litt småskadar, men føraren kom uskadd frå hendinga. Hjorten blei ikkje treft, seier operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt. Saka blir ikkje følgt vidare av politiet.

Artikkeltags