Fjærlandstunnelen open igjen

KØ: På Jølster-sida, i Lundebotn, har danna det seg fort kø. Bildet er tatt klokka 18.28.

KØ: På Jølster-sida, i Lundebotn, har danna det seg fort kø. Bildet er tatt klokka 18.28.

DEL

Klokka 18.22 søndag melde Vegtrafikksentralen at Fjærlandstunnelen på rv. 5 var stengd grunna oppryddingsarbeid.

Entreprenør vart kalla ut.

– Vi fekk beskjed frå bilistar at det låg glas i vegen. Årsaka til dette er at to bubilar skal ha vore borti speglane til kvarandre. Bilane har køyrt vidare, men det skal ligge glas igjen. Klokka 18.25 opplyste entreprenør at han var 10 minutt unna. Han vil reise inn og rydde opp, opplyser vakthavande på Vegtrafikksentralen litt etter klokka halv sju.

Like før klokka 19.00 var tunnelen open att.

Artikkeltags