Bil av vegen i Hyllestad

DEL

Ein bil har køyrt av vegen i Birkelandskrysset ved Aksavatnet i Hyllestad søndag ettermiddag. Det opplyser Arve Samsonsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt klokka 15.30.

Politiet fekk første melding om hendinga klokka 13.50 og var klokka 15.30 nett framme på staden.

– Det er ikkje meldt om personskade, seier Samsonsen.

Det er snakk om ein personbil, men det er uvisst kor mange som var i bilen då den køyrde av vegen. Det skal ikkje vere andre køyretøy involvert.


Artikkeltags