Full utrykking til trafikkulykke

Artikkelen er over 1 år gammel

HØYANGER: Bil snurra rundt og landa på taket.

DEL

Naudetatane er på veg til Alværa ved Lavik, etter melding om eit trafikkuhell på E39. Det er éin bil involvert i hendinga og ein bilist.

Politiet fekk melding om hendinga 10.14 måndag morgon.

– Vi fekk melding om at ein bil hadde snurra rundt i vegbana. Bilen landa på taket og køyretøyet har ein del skader, seier operasjonsleiar Helge Blindheim i Vest politidistrikt.

Ambulanse er framme på staden og tek den kvinnelege sjåføren med til Førde sentralsjukehus.

– Kvinna har sagt at ho er uskadd, men klager på smerter der bilbeltet var.

Bilen ligg delvis i vegbana og brannmannskap dirigerer trafikken på staden.

Årsaka til uhellet er ukjent. Politiet har no avslutta på staden, men vil opprette sak på forholdet.

Artikkeltags