Fem vogntog og ein personbil krasja i Lærdal

LÆRDAL: Fem trailarar og ein personbil køyrde i kvarandre ved Bjørkum i Lærdal natt til fredag.

LÆRDAL: Fem trailarar og ein personbil køyrde i kvarandre ved Bjørkum i Lærdal natt til fredag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Ein 45 år gammal mann er alvorleg skadd etter at fem lastebilar og ein personbil hamna i ein kjedekollisjon i Lærdal natt til fredag.

DEL

– Det kan virke som at heile følget, fem lastebilar og ein personbil, har komme austfrå og mot vest. Eitt av vogntoga har sklidd og gått på tvers. Det har medført at vogntoga bak har køyrt inn i den bilen, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt til NTB.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 01.55 natt til fredag. Ulykka skjedde på E16 ved Jutlamannen i Lærdal. Fem ambulansar, lege, luftambulanse og redningshelikopter, samt dei andre naudetatane, rykte ut til ulykka.

Ein 45 år gammal mann er alvorleg, men ikkje livstruande skadd og vart frakta til Førde sentralsjukehus med ambulansehelikopter. Han sat i personbilen som var involvert i ulykka. Det er ikkje kjent kva slags skadar han har fått.

– Bilen han sat i blei inneklemd mellom dei store køyretøya, seier Kolltveit til Bergens Tidende.

Ein annan person er lettare skadd og vart frakta til same sjukehus med ambulanse, opplyser politiet.

Glatt på staden

Borgundtunnellen var ei stund stengd etter ulykka, men like før klokka åtte melde vegtrafikksentralen at vegen igjen var open for fri ferdsel.

– Politipatruljane og naudetatane sa det var glatt på veg til ulykkesstaden. Vi oppfordrar folk om å køyre med forsiktigheit, seier Kolltveit.

NRK Sogn og Fjordane har hatt ein reporter på staden fredag morgon og stadfesta at det var såpeglatt. Ifølge reporteren var det så glatt at det var vanskeleg å halde seg oppreist, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Litt kø på staden

Roger Mikael Håland køyrde forbi ulykkesstaden i 07.30-tida og melde då om at trafikken flaut greitt.

– Det er litt kø på staden, men det går greitt. Dei held på å rydde opp enno, og det står framleis eit vogntog att her, sa han då.

STENGT: Borgundtunellen er førebels stengt etter ulukka.

STENGT: Borgundtunellen er førebels stengt etter ulukka. Foto:

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags