Køyrte i bergknaus, hund skadd, føraren uskadd

DEL

Ein bil køyrde fredag kveld av vegen ved Åsavegen i Gloppen. Bilen hamna i grøfta og trefte ein bergknaus, og er ikkje køyrbar. Den kvinnelege sjåføren kom frå det utan skadar.

- Førar var åleine i bilen, bortsett frå ein hund som var med. Hunden vart skadd, og er tatt med til veterinær. Politiet har førebels ikkje tatt stilling til om dei skal opprette sak, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen ved Vest politidistrikt

Artikkeltags