Denne traileren stod farleg til på E39

Foto:

DEL

Anita Nyland Høyvik kom køyrande frå Sandane i retning Breim. Då ho kom til Ulva var det bom stopp.

– Traileren står i svingane rett før du kjem til Sandane. Då eg kom var det ikkje passering, men dei fekk flytta den nokre meter slik at vi kom oss forbi, fortel ho.

Ifølgje Høyvik hadde traileren nettopp sett seg fast då ho kom køyrande. Den hadde då danna seg litt kø på begge sider.

– Den står litt farleg til, så ver obs, oppmoda ho.

Vegtrafikksentralen hadde ikkje fått melding om hendinga då Firda ringte litt før klokka 12.30.

Klokka 15.00 melder forbipasserande at vegen igjen er open for fri ferdsel.

Artikkeltags