Mista hengar i Åbergsdalen

DEL

Ein bilist mista tysdag ettermiddag hengaren sin slik at den hamna i grøfta på E39 i Åbergsdalen i Gaular.

– Den blei ståande litt uoversiktleg til, så politiet reiste til staden under bergingsarbeidet, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 14.35.

Det skal ikkje vere snakk om personskade etter hendinga, men bilberging måtte til.

Vegtrafikksentralen melde like før klokka 15 om redusert framkomst på staden. Eine feltet var då stengt. Klokka 16.13 melde Vegtrafikksentralen at det var fri ferdsel på staden.


Artikkeltags