Fleire fly kansellerte på grunn av tåke

Tåke skaper problem for flytrafikken torsdag.

Tåke skaper problem for flytrafikken torsdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFERDSEL: Fleire flyavgangar kansellerte torsdag.

DEL

Flyet som skulle tatt av frå Bringeland Førde lufthamn klokka 17.05 blei kansellert torsdag. Flyet som skulle komme frå Oslo 18.35 har fått ny innkomst sett til 19.12. Flyet som skulle komme frå Bergen 20.30 er sett opp med innkomst klokka 21.20.

– Det er tåka som gjer det. Det er mykje folk, så vi bookar om til det som er ledig. Elles oppfordrar vi folk til å komme som normalt, med mindre dei får beskjed om anna, seier Cathrine Scheflo i Widerøe.

I Florø er 18.55-flyet til Bergen kansellert, medan 18.15-flyet til Oslo etter planen skal gå klokka 19.35. Flyet som skulle ha komme frå Oslo 17.55 er sett opp til å komme klokka 19.20, og flyet som skulle ha komme frå Oslo klokka 21.10 har fått ny innkomst klokka 21.45. Det skriv Anvior på sine nettsider.

I Sogndal blei 12.40-flyet kansellert, medan resten av flytrafikken ser ut til å ha gått som oppsett.

På Sandane lufthamn går trafikken som normalt, ifølge Avinor sine nettsider.

Artikkeltags