6 av 10 brukar mobil utan handsfree i bil

OVER HALVPARTEN: Seks av ti har brukt mobil utan handsfree mens dei har køyrt bil, viser ei ny undersøking.

OVER HALVPARTEN: Seks av ti har brukt mobil utan handsfree mens dei har køyrt bil, viser ei ny undersøking. Foto:

Av

TRAFIKK: Verstingane er bilistar i alderen mellom 30 og 44 år, ifølge ei ny undersøking.

DEL

– At nesten 60 prosent bryt lova er urovekkande, seier produktsjef hos Continental Dekk Norge, Knut Knudsen til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Nullvisjon

I ei undersøking frå InFact på vegner av dekkprodusenten svarar berre 44 prosent at dei ikkje har brukt handhalden mobil mens dei har køyrt bil. I Norge har det vore forbode å bruke handhalden mobil mens ein køyrer bil sidan 2000.

Blir du tatt, får du ei bot på 1.700 kroner.

– Vi har eit mål om null ulykker, dødsfall og skadde i trafikken. Det er ikkje sikkert teknologien åleine kan gjere at vi oppnår denne visjonen. Også haldningsendring må til, og då er dette skremmande tal, meiner Knudsen.

I loven står det at ein har lov til å starte opp, gjennomføre og avslutte ein samtale når mobiltelefonen under køyring er handfri eller er plassert i ein haldar. Haldaren skal vere montert i umiddelbar nærleik av rattet og så nært førars ordinære synsfelt under køyring som praktisk mogleg, med mindre haldaren er ein integrert del av køyretøyets originalinnreiing.

Høgare risiko

Berre 10,8 prosent svarar at dei har brukt handhalden mobil mens dei har køyrt bil den siste veka.

– Mobilbruk gir frå 22 til 164 gonger høgare risiko for ulykker enn vanleg køyring, ifølge Samferdselsdepartementet. Problemet er nok at bota i dag berre er på 1700 kroner, og det er ikkje avskremmande nok. Vi støtter forslaget om å innføre prikkar i førarkortet om ein brukar handhalden mobil når ein køyrer bil, seier Knudsen.

I undersøkinga kjem det fram at menn bryt lova noko meir enn kvinner, og det er dei over 65 år som er desidert mest lovlydige. I denne gruppa svarar berre 1,8 prosent at dei har brukt handhalden mobil i bilen den siste veka, mens heile 19,3 prosent av dei mellom 30- og 44 år svarar det same.

Blant dei yngste mellom 18- og 29 år svarar 12,7 prosent at dei har brukt handhalden mobil i bilen den siste veka.

Sjølvkøyrande bilar

Noko av det dekkprodusenten jobbar mykje med er sjølvkøyrande bilar.

– Den dagen bilane køyrer av seg sjølv, vil vi unngå mykje av problematikken med umerksame sjåførar. Derfor er sjølvkøyrande bilar et av dei viktigaste grepa vi kan gjere for å eliminere ulykker frå vegane. Det er derimot framleis nokre år igjen til vi er der, og derfor må vi jobbe med blant anna haldningsskapande arbeid her og nå, seier Knudsen.

Artikkeltags