Sju sjåførar fekk bilbeltegebyr

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Statens vegvesen hadde torsdag trafikkontrollar i Florø og på Nordfjordeid.

DEL

I Florø hadde vegvesenet kontroll av lette køyretøy og bilbeltekontroll der 335 køyretøy blei kontrollert.

Tre sjåførar og ein passasjer hadde ikkje på seg bilbelte, og fekk 1500 kroner i gebyr, medan tre køyretøy fekk kontrollsedlar for manglar ved lys.Ein førar fekk bruksforbod på grunn av mangelfull sikring av last, og eit av køyretøya blei begjært avregistrert fordi det ikkje hadde vore inne til periodisk kontroll. I tillegg fekk eit køyretøy bruksforbod grunna manglande sikring av last.

På Nordfjordeid blei totalt 630 køyretøy kontrollert. Tre sjåførar fekk gebyr for manglande sikkerheitsbelte og ein førar fekk gebyr for å ikkje ha hatt med seg sertifikat.

Artikkeltags