Køyrde ned gjerde og stakk

Politiet ønsker kontakt med vedkommande som køyrde ned eit gjerde i EM Holevegen.

Politiet ønsker kontakt med vedkommande som køyrde ned eit gjerde i EM Holevegen. Foto:

DEL

Klokka 13.40 fredag ettermiddag skal ein bil ha køyrd ned eit gjerde ved ein privat bustad i EM Holevegen i Florø. Vegen går frå Florø gravplass til Storevatnet barnehage.

Det stadfestar innsatsleiar Synnøve Domben ved Florø politistasjon. Dei fekk meldinga klokka 14.05.

Ho ber vedkommande sjåfør melde seg for politiet.

– Og om folk har sett noko, er vi interesserte i tips, seier Domben.

Artikkeltags