Politiet har funne bil og førar som stakk av frå ulykke

Flora: No blir det avhøyr på politistasjonen.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

Politiet melder om eit trafikkuhell i Stadionbakken i Florø.

Ein bil er blitt påkøyrd bakfrå, og ein person er sendt til legesjekk etter uhellet.

Uhellet vart meldt klokka 13.30.

Stakk av

Politiet leitar no etter ein sølvgrå BMW som stakk frå staden etter ulykka.

Dei har patruljar ute og leitar etter bilen, som truleg har synlege skader i fronten.

Har funne bilen

Politiet melder klokka 15.00 at dei har funne både bilen og føraren av bilen. Føraren blir no teken med til avhøyr på politistasjonen i Florø.

Artikkeltags