Bil utfor vegen på fv. 57

FJALER: Politiet fekk melding om eit trafikkuhell på fv. 57 torsdag morgon.

DEL

– Ein bil har køyrt av vegen. Vi fekk melding for få minutt sidan, og politiet er framleis ikkje komne fram til staden, fortalde operasjonsleiar Dag Olav Sætre ved Vest politidistrikt til Firda klokka 09.54 torsdag morgon.

Ulykka skjedde på fv. 57 om lag 14 minutts køyretid frå Dale i retning Førde, opplyser politiet, som ikkje veit stadnamnet der ulykka skjedde.

Sætre opplyste til Firda 10.40 at politipatruljen reiste ut til ulykkesstaden, men at bilen då var vekke. Køyretøyet hadde stått delvis ute i grøfta og delvis i vegbana.

– Ein forbipasserande såg at det stod ein person ved bilen og dirigerte trafikken forbi, så det er ingenting som tyder på at det er personskadar, sa Sætre, som ikkje trur saka får vidare følger.

Artikkeltags